|
Konsert kl 20 på Kieglekroa.
Baltic Crossing har sidan 2004 markert seg som ein stor eksportør av nordisk folkemusikk ut i den store verda. Fem musikarar frå Finland, Danmark og England har spesialisert seg på nyskaping av den tradisjonelle turdansmusikken, og gjer dette med spenstige, livlige arrangement krydra med finurleg stemmespel og eit steady komp. Dei er kjent som eit framifrå liveband der den kunstneriske kvaliteten er høg, uansett. Dei har fått mykje god kritikk for sine to album, Firetour og Sextour, og vart for Firetour dobbeltnominvert for Danish Music Awards. Dei har, i regi av ECHO´s Rising Star Program, turnert dei store scenene i Europa, og no glæder de sig meget til at spille konsert i Trondheim!
Antti Järvelä FI – kontrabass, mandolin
Esko Järvelä FI – fele
Kristian Bugge DK – fele
Ian Stephenson UK – gitar, torader
Andy May UK – Northumberland pipes, piano
Oppvarmingskonsert med Bendik Espenes ca kl 1940.
Inngang 200,-
Medlem Transform/ student 150,-
Ta med instrumenter for jam før/ etter konserten.
Det er ikkje planlagt vanleg pubkveld i mai, kom på konsertkveld med Baltic Crossing i staden!
www.balticcrossing.com
http://www.facebook.com/events/132907756900015/
|